Faneprosjektet

Vi har i Håløyglaget blant medlemene våre ein nestor med store ambisjoner, han vil samle informasjon og registrere faner og banner innafor den frilynte ungdomsrørsla. Han har planer om å gi ut bok om dette etter kvart. Nedanfor er hans eigne ord om prosjektet og smakebitar med foto av nokre faner.

Kva i all verda er det som får eit menneske i moden alder til å begynne med registrering av faner og banner innafor den frilynte ungdomsrørsla?  Tja, drivkrafta var nyssgjerrigheit. Eg var nyssgjerrig etter å finne ut kor mange faner og banner det finns, og kva dei fortel. For fanene, identitetsmerka til lag og samanslutningar, fortel mykje. Om det ideologiske grunnlaget, visjonar, patriotisme og lokalpatriotisme (ikkje minst), og dei fortel om aktivitetar.

Fanene og bannera speglar også straumdrag i tida. Det ligg mykje kulturhistorie og politisk histore i desse dukane.  Og  mange er eksempel på god kunst og godt handverk.

Drømmen er å få dette mellom to permer, lage ei praktbok som forutan fargefoto av fanene og bannera også har med opplysningar om laget og alder på fana og kven som laga ho. Det bør også vere med ein artikkel om dei ulike symbola som går igjen som motiv: varden, livstreet, fakkelen, osv.  Dersom eg ikkje får faglege medarbeidarar, blir boka først og fremst ein dokumentasjon. Eg har ikkje kompetanse til å vurdere stilartar, f. eks.

Eg samarbeider med Noregs Ungdomslag. Det er organisasjonen vår som sender søknadene til ymse instansar for å skaffe pengar til fotograferinga. Til nå har vi fått ca. 73 000  kroner frå ymse fond og nokre fylkeskommunar. Fotograferinga er bøygen nå. Det gjenstår å ta bilete av bortimot 200 av dei vel 470 objekta eg har registrert.  Og det skal ikkje berre fotograferast. Fotograferinga skal organiserast og det kan til tider vere ei påkjenning. Men eg har funne på dette sjølv og valt det frivillig. Ingen har pressa meg.

Eg begynte med prosjektet: i 1999, og veit ikkje kva tid det blir ferdig

Bilettekstar Asbjørn Thomassen                       

Håløyglaget

Håløyglaget si fane er frå 1952. Kunstmalaren Jardar Lunde teikna fana, og kona hans, Dagmar Lunde, sydde. Fana er av silke, og det var ikkje så enkelt å få tak i like etter krigen. Men formannen i laget, Håkon Paulsen, hadde ein nevø som var sjømann, og denne nevøen fekk kjøpt silke i utlandet..

Foto: Asbjørn Thomassen

 

 

 

 

       

                        Mo Ungdomslag

Mo Ungdomslag vart stifta 21. mars i 1903 og slutta seg til Hålogaland Ungdomslag. Men i 1909 melde laget seg ut. Det er uvisst kva tid laget la inn årene. Vi veit ikkje kor gammal fana er, men ho er mala av Harald Ekrem, Mo. På baksida står: Vi vil os et land som er frelst og fritt.

                            Foto: Elias Bjørnå.

 

 

                        Leveld Ungdomslag

På ei sumarferd i 1903 vart fana innvigd. Kristi Haug har laga henne. Lærar Sebusæter tala gripande over innskrifti: ”Fram til fridom Upp mot ljoset!”,står det i lagssoga til Hallingdal Fylkeslag om fana til Leveld Ungdomslag. Laget vart stifta i 1899

 

 

 

        Haug Ungdomslags Sangkor

Mange  ungdomslag stifta songkor, idrettslag og musikklag som i nokre tilfelle har levd etter at laget ga opp. Haug Ungdomslags Sangkor, Ringerike vart stifta i 1918. Sjølve ungdomslaget vart stifta i 1900.  På baksida av fana er det brodert: Fanen er bekostet av Synnøve Karlstads minnefond 1993. Synnøve hadde vore eit aktivt medlem av koret. Fana er teikna av Harriet Ask Kile. Jorunn Strømsodd er også oppgitt som kunstnar. Haug Ul. melde seg i 1920 inn i Ringerike Ungdomslag og vart gjennom dette medlem av ”Østlandske reisning”. Laget har nå skifta namn til haug Bygdelag.

Foto: Asbjørn Thomassen.

 

 

Hit Counter
Besøkende på siden: